FRÅ MODERNISME TIL DET KONTEMPORÆRE
Tendensar i norsk samtidskunst etter 1990
Gunnar Danbolt

Sitat (171-174):

Kapittel 9: Om marginaliserte grupper i eit postkolonialt perspektiv 1 – Samane

«Ein av dei fremste nolevande samiske kunstnarane, Aslaug Juliussen (1953), som er frå Lødingen i Nordland, reiste tidleg til Oslo og fekk utdanning på tekstillinja ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, og blei seinare assistent for Synnøve Anker Aurdal (1909–2000) – ei nyttig vidareutdanning (frå 1980 til 1983) som viste henne korleis det var mogleg for ein kvinneleg kunstnar å brøyte seg nye vegar. Det fekk mykje å seie for Aslaug Juliussen, og har gitt henne mot til sjølv å gjere det same.

Heilt fram til 1998 arbeidde ho primært med store teppe. Eit eksempel er Sammenstøt – Historiske spor (1998) i ripsvev og broderi, der ho mot ein mørk bakgrunn har brodert inn både eit kvadrat i raude tonar til venstre og ein nokolunde sirkelforma labyrint i kvitt til høgre. Her opererer ho altså med urgamle symbol som hadde betydning både i den gamle samiske kulturen og i den kristne.

Aslaug Juliussen: Sammenstøt, historiske spor, (1997)

 

No er det ikkje teppa som i vår samanheng er det mest interessante ved Juliussens kunstnarskap, sjølv om dei er vel verd ein omtale, men alle dei større og mindre arbeida ho laga i dei over tjue åra ho budde i Karasjok som medlem i ein flyttsamefamilie. Der måtte ho delta i alle gjeremål som høyrer med i flyttsamelivet, også på slakteplassen. Det var der ho fekk ideen til å ta i bruk alt det slakteavfallet som ingen brydde seg om hår, hud, klauvar, horn, bein, tenner, magesekker osv. – og omdanne det til kunst. I Merkede og umerkede posisjoner (2006–09) – eit verk ho omtaler som «min lek, mitt lille bryllup» – ser vi til høgre ein relativt stor ball (90 x 90 cm), der overflata er laga av strimer av svartgarva reinsdyrskinn, vikla fast med svart lintråd og med patinerte horn som ein ekvator rundt den. Og til venstre for ballen er eit brudeslør hengt opp på ein høg stake, og på sløret kryp ei rekke firfisler bortover og oppover, alle laga i kvit plast med bleika lintråd vikla rundt magen, og med eit lite årgangsmerke festa til kvar av dei. Årgangsmerke blir brukte i reindrifta, der fargen angir årgangen på reinen, mens tala fortel om kjønn og eigarar. Ei samling med firfirsler er eit kollektiv, akkurat som ein reinflokk, men med årgangsmerke festa på seg blir dei individ.

Mens den svarte ballen kan assosierast med nord og mørketid, er det lette kvite bru- desløret med sine firfirsler ei like klar tilvising til det sørlege Europa, men også til kontras- tane i det livet samane sjølve lever, mellom fest og arbeid.

I HornKjede (2006) har ho kjeda saman ei rekke kvitpatinerte reinsdyrhorn med årgangs- merke mellom kvart av dei og hengt dei opp i taket slik at dei fell ned på golvet og dannar tallause ringar. Det blei innkjøpt av Utanriks- departementet og har farta heile verda rundt i norske ambassadar, til det fekk permanent bustad i Nordnorsk Kunstmuseum. Også serien Fra Oktoberhagen (2003) må nemnast, fordi ho der har brukt avfall frå slakt, som reinsdyrhud, saman med sennatråd og glas til å framstille noko heilt anna, nemleg haust- blomstrar. Ei slik forvandling frå det animalske til det vegetative, som gir assosiasjonar til Edvard Munchs måleri Stoffskifte, utgjer også ein allegori over forvandlinga frå avfall til kunst.

 

Aslaug Juliussen: Merkede & Umerkede Posisjoner (2009 –13), frå utstillinga Pioneer Voices, Festspillene i Nord-Norge 2013.

Slik er mykje av kunsten til Aslaug Juliussen knytt til den samiske kulturen, men den er også i dialog med nokre av dei store kunstnarane i tida, blant andre med Louise Bour- geois, som også har brukt bein, rettnok kubein, i ein del verk, med Marina Abramovic, særleg performansen Cleaning the House (1996), der ho sit midt mellom blodige ku- bein, og med Eva Hesse, som i Addendum (1967) bruker 17 halvkuler, monterte på ei horisontal treplate. Det er akkurat dette spennet frå det samiske til det internasjonale som gjer Aslaug Juliussens kunst så interessant. Då Marianne Lystrup spurde henne, i Vårt Land 25.06.2013, om den samiske bakgrunnen hennar utgjorde ein viktig ressurs for henne som kunstnar, svarte ho:

Jeg har ikke tenkt slik på det. Men jeg registrerer at når jeg jobber som kunstner, har jeg visse arktiske preferanser. Jeg vil ikke isolere det til det samiske. Men jeg er opptatt av det som er her nord, både i samfunnsliv og ellers.»

Aslaug Juliussen: HornKjede, frå utstillinga HornVerk, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum,  2006.